30 mai 2010

Pakke i posten

-Pakke til dej mamma, kan jei få åpne?


Hurra, dei flotte gevinstane frå Fjeldborg kom i posten!
Dei falt virkelig i smak hos både liten og stor:)


Den fine vimpelen låg også i pakken, og den inspirerte til litt sommerfarger i stua...


Ei plommegrein og lyserosa rododendro frå hagen fekk bli med inn.

God kveld på en søndag!
I dag har vi hatt en heilt fantastisk fridag!
Sola har holdt oss med godt selskap,  heilt sidan vi gjekk ut kl ti i dag tidleg. Et blomsterbed har blitt ribba for MASSE grøne slyngplanter som vi absolutt ikkje synest passa inn i ein gammal hage. Har vokse verre enn ugras, så i varmen har eg klipt og hala og dratt i greiner og røter.
No står innkjøp av nye planter i "gammal stil" som neste prosjekt ute.

Til helga fekk eg ein koselig pakke i posten, gevinsten frå Fjeldborglotteriet inneholdt et armebånd som var like kult i virkeligheten som på bilde, og ei vimpelrekke i kjempefine farger.
Vimpelrekka er på plass i stova, men den kan nok passe inn fleire plasser, kan hende vil den få leve ein litt omflakkande tilverelse:)
Armbåndet passa perfekt til min nye tunika frå Gina Tricot, kjøpt etter inspirasjon frå bloggen Helt Enkelt.
Det er det som er so kjekt med bloggverdenen, finn inspirasjon og glede hos utrulig mange dyktige blogger!

 

 

25 mai 2010

Drømmeland




Nu skal du sove...
...læg dig stille ned... 
så tager vi til drømmeland...
...selfølgelig tager jeg med.

Eit varmt sollys la seg over rommet i kveld då eg knipsa desse bilda, so eigentleg kjem ikkje det blendakvite rommet heilt til sin rett. Kanskje tek eg nye bilder ein annan dag?! Uansett...En god kveld  ønsker eg alle gamle og nye lesarar av bloggen min. So spennande når besøkstala stig;)
 Sett stor pris på alle som titter innom.
♥ ♥ ♥ Drøm søtt ♥ ♥ ♥


22 mai 2010

Vinnerlykke!

Heldige meg har vunne i lotteriet til Fjeldborg! Og ekstra artig er det at dei flotte premiane er laga av den kreative dama bak bloggen, Ingrid. Og det er ikkje berre en premie, men to! Armbåndet ser kjempekult ut, og skal bli mykje brukt, og vimpelrekke er eg svak for, den kjem til å bli so fin her i heimen! Ta en tur innom Fjeldborgbloggen, og sjå dei fine premiane der.
Tusen takk, no gleder eg meg til pakke i posten:)


Ha ei fin helg, ute ligg skydekket lavt nedover fjellsidene, men eg smiler frå øre til øre likevel!


20 mai 2010

I det siste har vi...

....endelig kunne slå opp dørene ut til terrassen....
.... leika oss ute medan sola varmer....


..hatt flaks, og fått tak i det siste store oliventreet hos Mester Grønn til halv pris...

....flikka litt på utemøblane....

.....og til og med fått vaska heile bondegården, og ho Barbie...

-ikkje verst hæ?

Håper du har hatt ei like kjekk veke, no går vi atter mot helg:)


15 mai 2010

Sol ute...


Små glimt frå nokre fine dager heime i hagen. I skrivande stund regner det lett ute, har akkurat redda inn sengetøyet som hang ute på tørk, og som nesten hadde tørka...

Kan hende slepp eg å vatne blomstrane som har fått flytta ut nokke særlig?
Tok turen oppom Plantasjen i formiddag for å kjøpe mold og raude pelargonia, men snudde før vi hadde fått parkert. Fullstendig kaos, og å gå inn der frista rett og slett ikkje. Skal tru om det er like gale der i morgen?

Raude pelargonier eller ikkje, 17 mai blir det uansett.

 Gleder oss til å stille i bunad heile gjengen, og Sa i ny sunnmørsbunad. E måtte også få ny, slik som ho veks, blir so fine atte!

 Ønsker deg og dine ei fin feiring


11 mai 2010

Lykke er....




Ha ei fortsatt søt veke!
...med eller uten perler og   ;)


09 mai 2010

Vi vil ut....

............men å vere ute no, er ikkje anbefale verken for planter eller folk, snøen daler ned, og et deilig pelspledd er det einaste som dug skal ein unngå å bli kald på fotane, for no er det rett huskaldt hos oss. Trur både folk og hus er lettare sjokkert over det siste snøfallet og kulda...


Ikkje heilt slik eg tenkte søndagen skulle bli, når eg i går kjøpte inn dei første sommerblomstrane...
Men enn so lenge fer dei stå inne og holde oss med selskap på kjøkkenet.

Eg satser på solstreif uti veka:)

05 mai 2010

Sjølvplukk


Lykken er å få en bukett ut av de blomstene som er innen rekkevidde.....

En liten tur utfor døra i ettermiddag, og inn vart en liten bukett med vårblomster med. Tenk, opplett og bra ver, herlig!
Fatet vart fylt opp med kubbelys, telysglass og vaser henta frå skuffer og skap. Kjekt å ta fram att ting som har vore bortgøymt ei tid....




02 mai 2010

Trollhassel, og rosett i taket

    Det gode gamle lysfatet fekk besøk av ei trollhasselgrein i dag. Meir skulle det ikkje til før heile rommet fornya seg litt. Kanskje ikkje so sommerslig og sprekt, men likevel: forandring fryder! Denne delen av stua synest eg alltid er so kjekk å fotografere, utan eg heilt veit kvifor....
            Då vi kjøpte huset, han det en gyselig glaskuppelliknandes lampe heilt opp i taket, sånn a la 80 tall. Den vart raskt plukka ned, og der skjulte det seg denne fine lille rosetten, må vete gleden bokstavelig talt stod i taket, hi hi.

          I det samme rommet fann vi også ei dobbel skyvedør i godt gammalt solid treverk, enkel og fin. Ei real overhaling med puss, sparkel og kvitmåling en vakker dag, so skal den bli fiiiiin:)

Ei fiiiin ny maiveke ønsker eg deg!