28 september 2011

to fine

  indisk atomrakett er slengbemerkninger den høge lykta har fått av visse andre her i huset, men det er berre fjaserier, er så fin atte! 


Hei fine der ute!

 No er det på tide å tende i lys og lykter igjen. Merker at dagslyset er mindre tilstades på ettermiddag/kveld, og mangel på lys...ja då får en jo sjølvsagt en god grunn til å kjøpe enda ei lykt! Den store svarte klarte eg i alle fall ikkje å motstå her en dag, sjølv om det står ei ganske så lik ei i trappa vår frå før. Pytt sann, får aldri for mange av slike indiske fininger:) Begge kjem frå Kremmerhuset, ei ny og ei gammal. Liker begge.
            
                                                                             
                                               - og liker alle dei fine kommentarane som kom på forrige innlegg!
                                                                                                                                  ♥  Kristine
                                                                                                                           
                                                                                       

25 september 2011

bildevegg


Yesda, eg har også kjøpt meg ei slik nydelig og fotogen corokiaplante.


Som regel prøver en å unngå å ta bilde av den store svarte boksa som står strategisk plassert midt i stua. Men den står jo der da, og i dag skal den få vere med tenkte eg.  Nytt er utvidelsen av bildeveggen, snekra opp i helga med fleire Ribba rammer frå Ikea. Mykje finare visuelt å sjå på den enn tven.

 Sommerfuglbildet av det store formatet er klikka heim frå danske Hagendornhagen! Liker
 v e l d i g at det står på golvet! Hadde gjerne slått ned veggen mellom stue og kjøkken forresten, synd det er bærevegg!



 
En stor grattis til kollegaen min Amalie som bor i Svenngården, ikkje mindre enn vinner av Norges vakraste heim, i morgen blir det kake og baluba på jobb, tjohei:)

                                              -Ha ei strålande veke du også, klem Kristine!

Oppdatering til anonym: sommerfuglbildet er kjøpt  her, husker ikkje heilt prisen ,ca 500 m frakt? i alle fall verdt kvar ei krone:) Sjekk ut nettsida for mange fine trykk, augestikkaren feks, finfin!

18 september 2011

kontor på en søndag





God kveld!
I dag tidlig tok eg desse bilda frå andre etg, i gangen som blir brukt som kontorhjørne. Pc-stasjon, litt jobb og litt kreative sysler innimellom blir skatollet brukt til. I dag måtte eg teste ut det gamle indiske blokktrykket som eg kjøpte på Home & Cottage i sommer. Vart så fint og veldig meg, så mulig det blir et heilt bilde av det snart?

Pennesplittane i seg sjølv er nydelige, har ei samling med godegamle liggande og alle er forskjellig i forma.

Pennesplitt og godt gammaldags blekk leita og også fram, men der må det øvelse til, har liksom mista teken! Var en racer på calligrafi før, og å skrive med en slik calligrafipenn med blekkpatroner er veldig gøy. Kunne gjerne tenkt meg å mestre god gammaldags skriving med blekk.


Ellers så har det litt botaniske komt til i det siste, synest pressa blomster er så fine, dei som heng på veggen er pressa hundekjeks, utrulig at dei holdt seg så bra, var kjempestore når eg la dei i press! Dei andre blada er tatt med frå Tyrkia faktisk.

Har også en nydelig sommefuglplakat liggande, som eg vann hos retroromantikk. Den kunne passe godt inn i stilen her no ja:)
Skal vise den en anna gang!
                                                               Kristine

15 september 2011

loppesaker



Loppekupp frå helga som var. Har vore på farta så først i kveld er det beina høgt og avslapping i sofaen! Kaffi i krusa, fyr i ovnen for første gang i haust, og ei real bloggerunde står for tur:)

Stolane skal få seg en real vask og blir perfekt på barnerommet, dei er nemlig i barnestørrelse , gamle og kjempefine. Et fint funn rett og slett ♥
Settekassa skal få beholde den slitte patinaen og eg skal nok finne en plass til den ja, ikkje nokke problem! 


                                                                                                                Kristine                     


09 september 2011

Fristelser...


..er eg omgitt av på alle kanter, høgt og lavt, inne på butikken "inni bya" (som eg liker å kalle den, tjihi;)
Det er sjølvsagt Kremmerhuset som eg er så heldig å få vere avdelingsleder for. Og jammen har det ikkje gått ett år sidan vi åpna dørene. Hurray, tida går fort! Har spretta nokre paller og snudd om nokre ganger for å få plass til alle dei fine varene som har komt. Meiner på vi fekk 80 paller berre til oppstarten?? Seinast siste veka har nye haustvarer og kule indiske puter komt på plass, og nokre få nyheter  gjorde plutselig at heile butikken blei omsnudd. Artigaste som finst er å få lage nye bord, då er trivselfaktoren høg ja!

Vi får kalle dette ei oppvarming til det som skjer neste veke. Då går turen til Lagunen i Bergen, og ny butikk skal opp og gå, hærlighærlig, gleder meg masse til å hjelpe til der!
 her kunne eg "flytta rett inn" finfine ting!
♥ ♥ ♥

Mykje av det som vises på bilda her har eg veeeldig lyst til å kjøpe med heim også. Sidan det skjer ganske lite på heimefronten med pause i alle oppussingsprosjekt,  så tenkte eg det kunne vere kjekt å vise litt inspirasjonsbilder frå butikken i staden.

Fann du noko som frista kanskje?

Finaste helga ønsker eg deg!
                                                                                       Kristine

04 september 2011

natur i fokus





Kortreist mat kjøpt i nabolaget! Sjå kor fint dei sjølvdyrka potetene var presentert, her måtte berre kamera bli med når det skulle handlast inn. Koselig handel, med oppskrifter på ovnsbakte poteter og potetmos på kjøpet, og tilbud om en kopp kaffi:)
Oppskriftene og potetene har ikkje blitt testa enno, men det blir det blir. Har berre ikkje fått anledning enno!

For eg kan nevne kva helga har gått med på, i stikkord: 

                                            Trondheim 
                                              Lisbetsætra 
                                                             Visning av  julekolleksjonen
                                          ♥
                                             Inspirasjon
                                                  Kremmerhuset
                                               Naturelementer
                                   Glede
                                           
                        
  Håper helga di og har vore spennande, no er vi klar for ei ny veke sant?

                                                                                  Kristine