27 oktober 2011

plastra og limt!


 Heldigvis finnest Anna og Claras fine babuskaplaster på boks her i huset.  Klar til å trøste små fingrer og kne som lett får skrubbsår i en aktiv kvardag. Dei er såpass fine at dei av og til  kjem på sjølv om det ikkje er antydning til sår;)

Hærlige både i dekor og farge, rett fine babuskaer! Eller barabursdager som dei heiter her hos oss!

                                                              :) Kristine

-Plaster er kjøpt hos Søstrene Grene Handelscompani i Trondheim for ei tid tilbake-

23 oktober 2011

eg vann!




 For ei god tid tilbake var eg nemlig så heldig å vinne denne utruleg fine plakaten på give awayen inne på bloggen Retroromantikk. I pakken kom det også ei fin pute som passa perfekt i benken på barnerommet, ei fin boks,  kjøkkenhåndkle og gavekort hos Hviit. Var eg heldig eller?:)

Og no i helga fann eg endelig rette ramma til å ha på. Før har eg kjøpt makan på Skeidar til et anna bilde, men der har dei vore utseld, men jammen hadde dei ikkje samme type på Bohus! Metallramme som er heilt rett i kantane, stram i stilen - perfekt! ( ja eg er litt detaljfreak..)


Har du ikkje besøkt bloggen Retroromantikk, så må du ta turen inn HER. Liker stilen! Og så har ho så mange stilige plakater, siklesikle:)

                                                              Kristine

16 oktober 2011

Det ligg i detaljane

Gamle detaljer, verdt å ta vare på. Akkurat slike detaljer som skil et nytt hus frå eit gammalt hus. Heldigvis har ikkje dette vorte tatt vekk i løpet av dei ca 80 åra huset har stått her. Og i dag har vi glede av dei. Skyvedøra mellom dei to stuene blir skjeldan brukt og då er vel det unnskylninga for at den fortsatt ikkje er pussa ned og måla kvit ( eller svart?) Resten av innerdørene i huset er heller ikkje skifta i årenes løp heldigvis, knallsolide tunge og fiiine dører! Dei har blitt kvitmåla.
Trappa er inntakt, og det første som møtte oss då vi var på visning for ca tre år sidan. Omtrent kjærlighet ved første blikk:) Takrosetten i den eine stova dukka fram då vi tok ned en 90 tallslampe som hang heilt opp i taket, bonus å finne en slik skatt! Golva er pussa ned og målt opp att. På kjøkkenet spadde vi av fleire lag med linolium før den originale tregolvet dukka opp. Full av gammal lim, så trudde egentlig ikkje det gjekk an å få det fint. Men fagfolk med superpussemaskin fekk det det heilt perfekt igjen, imponerande! På stua er det lagt et tregolv oppå det gamle...vi lot det vere slik,enn så lenge i alle fall.

                                                                I ♥ my house! -rett og slett.
                                                                                        
 No fyk eg snart til Stavanger en todagerstur, jobbing på Kremmerhuset på Kvadrat står for tur.
Har lenge hatt lyst å ha en give away på bloggen her, så skal komme tilbake til det:)

                                                                                                                            Kristine

12 oktober 2011

kveld


Berre litt bilder til å kvile augene på i kvelden. Her er det take-away pizza, kaffi i kruset, beina er lagt høgt og det er avslapping i sofaen som gjelder. Av og til må en berre legge seg på lading og i dag er det slik.






Du må ha en avslappande og fin kveld du også:)

Kjempekjekt at eg fekk skinne på NIB si side i går, bilde frå tapetutfordringa var med i galleriet der, hipphipp hurray:) 

                                                                       ♥ Kristine


07 oktober 2011

tapetutfordring



Puh! Her hiver vi oss med i aller siste timen! I tapet utfordringa til NIB. Nokre drar nok kjensel på rommet, for det er vel ikkje sååå lenge sidan det var på bloggen, men her kjører vi på igjen.  Fondvegger ved hjelp av tapet eller malte flater er med på å bryte opp litt i vårt ellers så kvite og svarte hus. Har faktisk fondvegger både i eine stua, på kjøkkenet, på barnerommet og som bilda viser her og som er det nyaste tapetprosjektet. Det gamle plassbygde skapet har fått fin tapet på dørene sine, og gått frå å vere  triste gulbeige sponplatedører til å bli et blikkfang i rommet.

Tapet gir liv og karakter i romma, snart frister det å bytte ut den på stua. Og med det gi rommet et heilt anna uttrykk og stil.
Vil du sjå fleire bilder av skapet kan du klikke både her og her.



 
Lyst å sjå alle bidraga og bli skikkelig inspirert? Sjå berre innom NIB si side.

Fin fredag ønskes til deg!

                                       Kristine




03 oktober 2011

middagsstund


Frå middagsbordet i dag. Norsk bondekost vart (etterkvart) servert i indiske skåler, fin miks det!
Desse skålene er liker eg så godt, kjem frå Kremmerhuset.


Brennsnut kaller vi retten her på møre. Betasuppe i resten av landet skal tru? 
Dette er vel velkjent, men skriv ned likevel korleis eg lager den:

Tar to poser kjøttsuppe og vatn (kan sikkert lages heeeilt frå grunnen også:)
blomkål
litt kålrabi
litt kål
purre
 3-4 poteter
et par-tre gulrøtter
røkt kjøttpølse
litt salt (kan sløyfes)
pølsene tilsettes siste ti minutta ca.

Veldig enkelt, det som tar litt tid er skrellinga og hakkinga, resten lager seg sjølv, putrer ei stund på middels varme til bitane er møre. Og den er like god dagen etter!
- og godt med flatbrød til:)

Litt indiske lykter og telysholdere i tre kom på bordet i dag sidan vi hadde litt god tid.
 Ute er det haustver, det blæs! Og då er det berre ekstra koselig med levande lys og ei god suppe å varme seg på.

                                                 Kristine