16 januar 2011

Kjøkken og planer!

God søndagskveld!
Håper alle har hatt ei fin helg? I dag har vore en skikkelig innedag, med regn, is og såpeglatte veier utanfor huset. Passer bra då og kose seg inne, i alle fall når vi har hatt ei lett febersjuk lita snuppe i hus i dag.
Med fare for å gjenta meg sjølv, so viser eg litt bilder som vart knipsa den lille tida dagslyset siva inn gjennom altandøra på kjøkkenet. Har ikkje so mykje nytt å komme med, utanom litt vårlige tulipaner som liver opp keramikkvasen som eg har blitt so glad i. Og katten ville gjerne vere med på moroa også:)

Kjenner for å gjere litt forandringer på en eller anna måte snart, spesielt på stua. Vanskeligaste rommet å arbeide med synest eg. Kanskje ryk spisestua bort, i alle fall blir flytta på? Kanskje blir det tv krok der i staden? Og so har eg lyst på ny sofa...! En stram vinkelsofa! Tida vil vise kva som skjer:) Ellers blir det nok snart litt nye puter og stæsj i slagbenken, og det er liiiike før eg bestiller en  svart tolix stol eller to. Nokon som har formeining om kva farge som hadde passa eigentleg? Hadde vore artig med innspel.

Ha det så bra så lenge!
Kristine


14 januar 2011

Nibs utfordring barnerom









I siste liten prøver vi lykken i NIB si morsomme
utfordring om å vise fram barnerommet! Her har vi vel det rommet i huset som har mest farge. Det gamle slitte tregolvet fikk nokre strøk vannbasert rosamaling, veggane som var blå, forvandla vi lyse med mange strøk kvitmaling. Gamle plassbygde skap som hadde verken sjel eller sjarm måtte vike for ny kjøkkenkrok til fireåringen i heimen. Rett som det er blir vi servert
frå grytene, og det går mykje i kaker og is:) Voksesenga er det min oldefar som har laga, og den har blitt brukt av mange opp gjennom åra. Så med dette hiver vi oss med på barneromsutfordringa!
Plutselig var ei veke til unnagjort, frihelg står for døren og eg vil ønske deg ei riktig så finfin helg!

Klem Kristine


09 januar 2011

ByNord på kjøkkenet

Ikkje vanskelig å sjå at bilda er tatt i helga. Som regel er denne tavla full av hærlige barnetegninger, slik som spøkelser, snømannen, mamma,pappa og pusen, sola og div andre kreasjoner skapt av treåringen i heimen. (Du overser dei manglande golvlistene sant,hehe?)
Tilbake til svart og kvitt på kjøkkenet etter et par måneder med raude innslag. Og da er det klart at det nye ByNord håndkleet får komme fram. Har spart på det sidan eg fekk det i julegave, og no heng det der og flotter seg. Fint ikkje sant?
Kom aldri så langt at eg rakk å ønske god helg, (varetelling sto på min timeplan:)  ei fin ny veke ønskes herved til du der ute!

Klem Kristine


02 januar 2011

Snødekte trapper igjen


Slik er det utenfor døra i kveld. Masse nysnø og lykter og lys som gjer sitt til at julestemninga er her enda.
Dette er den raude delen av huset -det vil seie der det ikkje er skifta bordkledning enno. Men snart kjem vel våren(!) og da veit du, skal det nok bli ei råd med skifting av vegger her også:-) Og den raude fargen kjem vi ikkje til å beholde. Tenk kvitt kvitt kvitt på heile huset, utanom døra og muren...ah ja, å sitte i sofakroken å drømme og planlegge litt er ganske ok det også! 

Ha ei fin første veke i 2011 da!

Klem Kristine


30 desember 2010

Gode ønsker for det nye året




Indiske lykter og engler i skjønn forening. Dette er litt av den typiske julepynten som er å finne hos oss. Enkelt og med få ting. Et par dager til no tenker eg, så ryker både juletre og anna ut. Makan til dryssetre skal en leite lenge etter, faktisk så dett det små kvister av det både titt og ofte! Jula har vi da også hatt i hus sidan midten av november, så det skal bli heilt okaj å få litt "blanke ark" her igjen...

Det gamle bordet du ser skal få seg en omgang med vask, puss og maling. Etterkvart! Det blir ikkje no, her har tempoet gått ned maaaange hakk i romjula, gjekk lufta litt ut av ballongen skal tru:-) 

I dag fekk eg tid og lyst til å bake og hurray for det! Mine snille og gavmilde foreldre gav oss nemlig kitchen aiden i julegåve i år. Tusen takk! Har fått testa den en del allereide, faktisk står den og går akkurat no, havrebrød skal det bli, så har vi ferskt brød til i morgen tidlig. Før i dag laga eg eplekake med den, det er så enkelt og godt! Oppskrifta finn du her.

 Et nytt år står å banker på døra, og eg håper du blir med videre her på min lille blogg,sjølv om tida mi ikkje strekk til på so veldig hyppige innlegg. Det er utrulig givande å få tilbakemeldinger, så en ekstra stor takk til dokke som legg at et lite spor her inne:-)

Gode ønsker for det nye året 2011
fra meg til deg ♥

22 desember 2010

Vel avgårde



Rosa julestemning på jenterommet vart temaet på årets julekort. Med et usedvanlig poseringsvillig midtpunkt, gjekk fotograferinga som en leik, og det vart mange artige situasjonsbilder denne gangen.


I dag fekk vi korta vel avgårde, ja litt seint ute i år. Emilie synest det var stas å få stemple bokstaver på nokre av konvoluttane. Har heller enda ikkje fått tid til å pynte juletreet, og eg som alltid pynter det ca 1-2 veker før jul! Men essa, jul blir det uansett:-)

Hadde min siste dag (i følge timelista da:-) på den kjære Kremmerhusbutikken på Moa i dag, etter sekssjuårca(?) blir det rart å berre skulle jobbe i en butikk, nemlig den nystarta som er midt i jugendbyen vår.  Litt godt blir det også å berre ha ansvaret for en, men jøsses for ei tid det har vore! Husker godt den dagen eg banka på kontordøra og spurte om eg kunne få jobb som ekstrahjelp... jepp, kom å begynn i morgen du, var svaret, og sidan har eg vore der,hehe,synest det er artig å tenke på:-)

 No står snart nokre dager med julefri for døra, skal nytast til fulle, og så ligg det et spennande år og venter der framme!

God jul til du som les bloggen min!
Klem Kristine

17 desember 2010

Bjørk og bær


God kveld!
Viser litt kveldsbilder fra spisekroken i kveld. Nokon av dokke har spurt kva slags farge vi har på veggen her. En rask kikk på gamle malingsspanner avslørte at navnet er krydder, fra Lady.

 Dagslyset her klarer eg ikkje å fange, sidan det ikkje er heime eg oppheld meg om dagane. Men derimot er det hektiske dager på meg som på dei fleste andre på denne tida! Tida minker mot jul, og i helga MÅ eg få unna dei siste julegavene, søndagsåpne butikker-ja takk:-)

Lysestakene i ekte bjørk, kunne eg aldeles ikkje dy meg frå å kjøpe her om dagen, og i dag slo eg til å kjøpte falske røde bær også til å ha i keramikkmuggen som er bordpryd på kjøkkenet. Første gang eg har kjøpt falske, men dei er faktisk veldig fine, hurray!

Glasslyktene med elger på, fra Broste, er også kjøpt på Kremmerhuset, (som det meste anna her i huset :-) dei er fleire år gamle, og fulle av stearin, men dei er så fine, ser ut som det har snøva oppi dei. I like!
Snøva gjer det såvisst ute også, på rett, så om det held seg no, så er julestemninga sikra!



God helg
Klem Kristine

Til slutt vil eg takke for awarder eg har fått, sett stoooor pris på det, kjem tilbake til det seinere:-)