30 mars 2010

Påskeforberedelser

Nokre fridager skal gjere godt no etter heftige dager på jobb siste tida! Har so smått fått pynta litt til påske i heimen også, ikkje so mykje, men litt hører med og kanskje blir det meir:) No står late dager framføre oss, ingen store planer, og det er igrunnen berre godt og skulle gjere.....ingenting!

E har vore ivrig i pyntinga, sjekk berre ut den eine høna uten manke! "tok ta håre ej mamma" som om det skulle vere den største sjølvfølge!
Manken skal ikkje limast på igjen, for det er nettopp av slike ting gode minner oppstår!


Eg vil ønske deg som les den vesle bloggen min, ei fin-fin påsketid!

                      

                                                

25 mars 2010

Påskefrokost


Kor heldig er eg ikkje i grunn som får lov å gjere slike kjekke ting i løpet av ein arbeidsdag!♥ ♥
Å få lov til å bruke fantasi og kreativitet, kose seg å ha det kjekt ved å skape. Det er nok ikkje slik frokostbordet vårt ser ut heime...men litt ideer viderefører eg dit også.  Har du pynta til påske i heimen din?

 

21 mars 2010

Velkommen sollys!

Jippi, i dag kom den etterlengta sola på besøk til huset vårt! Gleden var stor, og eg måtte fram med kamera og prøve å fange det fine lyset som siva inn i alle vindu! Spesielt på rommet til E varma sola godt når den sildra inn i vindua og ga oss ei etterlengta dose med skikkelig dagslys. Er det no vi begynner å sjå mot vår?

Til tross for at E har hatt spysjuka (igjen!) i helga, har vi kosa oss heime i lag og tatt livet med ro, innimellom fått måla listene på vårt eige soverom, så no er det endelig heilt ferdig....

Ps. Dei søte fuglehusa eg viste i forrige innlegg, har no komt i hus, skal finne en fin plass til dei, henge dei opp på veggen kanskje!

Ei ny veke ønskes velkommen, vi går mot påske!


16 mars 2010

Litt gult snart?


Heihei, et lite blogginnlegg på tampen av tirsdagen, berre for å vise ka eg fylle dagane med for tida på jobb! Har rett og slett komt i påskestemning, og det er nok ikkje lenge før det blir litt gult i heimen her også. Påska er delt i to stiler i år. Vi har den gule friske stilen med prikka tekstiler og knallkjekke kyllinger som sett deg i godt humør, og den som er min favoritt i år, litt meir dempa og naturlig stil, med nostalgiske påskefigurer som minner om oldemors nips, og kranser og greiner i skjønn forening.....
Synest dei "fuglehusa" er kjempefine, to stk skal få bli med heim, for eg har ein plan med dei, og det skal du få sjå når dei har komt på plass!

Har døpt om bloggen min også; til GODE ØNSKER  Trur eg vil bli nøgd med det:)


                                                       


10 mars 2010

Karlson hus


Sjå ka eg he funne hos søta bror! Karlsonhus heilt etter min smak! Her snakker vi hus med særpreg og detaljer.... Ingen umiddelbare planer om å bygge, men en vakker dag kjem vi til å gjere nettop det, og då kan eg godt tenke meg å bo i et av desse, hus som er tidlause og som kan sjå ut som dei har stått der i....
 ja hundre år kanskje?


 

08 mars 2010

Perleblomer


Våren er komt til oss....eller litt vårfølelse i alle fall møtte oss i gangen når vi kom heim på laurdag. Perleblomstrane hadde sprunge ut medan vi har vore en snartur til Tyskland! Feiring av Svein sin 70 årsdag og Hilde sin 40 årsdag tok vi ombord i Color Fantasy. Takk for en trivelig tur! Vi hadde det kjekt alle saman. Og som min farfar so godt seier det; "det gjer seg å skifte proppellvatn av og til:)"

Tilbake til blomstrane: dei synest eg hadde vokst seg so flotte medan vi var på tur, at dei fekk lov å flytte inn på kjøkkenet. So kan dei stå der og gjeipe til all snøen utføre som ikkje vil sleppe taket.... Kom på at eg har no planta løk også av slike blommer, skal tru om dei kjem å helser på til våren?
                                                                          
                                                                 ♥......