I ein av awardane skulle en fortelle 8 vetuge ting om seg sjølv, så her kjem litt ymse:
♥ Har veldig sansen for blått og striper for tida, både i interiør og på klede.
♥ Industri, natur og ei dose indisk er finfin miks interiøret og heilt meg!
Den skåla som dagens middag var servert i (ja ingen gourmet her på kvardagane:) er aldeles nyinnkjøpt og det stod Kristine med store bokstaver på denne, så ja heilt i min stil!
♥ Har begynt å like kvitvin.
♥ Synest Ikea er genialt, og det er stas å reise dit, sikkert sidan vi bur så langt unna... derfor er handlelista lang når vi først tek turen.
♥ Skal snart til Island på tur attmed andre glade Kremmermuser, det gleder eg meg til!
♥ Jobber som avdelingsleder på Kremmerhuset i Ålesund, samans med bla denne kjekke tausa, anbefaler å ta turen innom Svenngaarden for å sjå den fine heimen hennar, vel verdt eit besøk! Sjå kor glade vi er da:)
♥ Beundrer dei som kan å strikke og sy.
♥ Har nettopp kjøpt mitt første Odd Molly plagg, en overbrodert tunika som kosta alt for mykje sjølv om den var nedsatt 30 prosent, var veldig fin da...og dessutan blå:)
Sidan desse awardane har pågått ei stund no, så sender eg den ikkje vidare til nokon spesielle blogger, men sender heller ei ekstra helsing til dei som jamt og trutt er innom og les bloggen her, og dei som legg att kjekke helsinger her, takktakk!
Klem Kristine