Viser innlegg med etiketten interiør inspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten interiør inspirasjon. Vis alle innlegg

24 februar 2012

stueplaner


Mmmm, litt  forandringer på spisestua, i alle fall på planleggingsstadiet! Rommet fungerer meir som en gang der vi berre passerer mellom stue og den virkelige gangen. I staden for spisebord som alt for skjeldan er i bruk, (her sitter vi på kjøkkenet:) blir det sofakrok i staden. Huset er ikkje sååå stort, så ubrukte rom kan vi ikkje ha noko av.

På handlelista står bla:

lampe Kremmerhuset
sofa&stol Ikea
brettbord Tinek
puter Kremmerhuset




Sånn ser det ut no...

Det beste av alt er at tapeten skal vekk. Den er fin, men er veldig ferdig med den rett og slett. Stilen har jo endra seg på dei fire åra vi har bodd her, så det er på tide med litt forandringer tenker eg!

Liggande glattpanel skal opp i staden, og behandlast med et eller anna. Nokon som har gode forslag på farge, mørk eller lys? beis eller maling?

 


Fin helg!
Klem Kristine

14 januar 2012

inspirasjon

i n s p i r a s j o n ...



...eg har henta gjennom veka som var. Så mykje nytt og fint som sto mitt navn på, og so hærlig med ny inspirasjon! I den svartkvitte utstillinga kunne eg forresten "flytta rett inn i." Makan til lekre saker!

Stikkord på det nye er:

* oliventre
*keramikk
* ulike tekstiler i lin, bomull og pels
* grovfletta kurv
* lykter
*naturen

 Så noko av dette har absolutt blitt med heim ja. Akkurat no ligg det blant anna en stor stabel med puter klar til plassering her. Kan vise det i morgen kanskje?

Såg du noko du likte?

Utrulig kjekt at så mange har funne veien inn hit og vil bli med på giwe awayen på husnummerskilt, held den gåande ei stund til så prøv gjerne lykka!
Fortsatt fin helg!
                                                            Kristine

02 desember 2011

bestlite bl 6..


..og litt anna snadder som kunne vore kjekt å finne under treet den 24!

Puh, helga banker på døra og det er heilt greit:) Kanskje skal en få unna litt av julegaveshoppinga sjølv også?

        ....bestlite BL6
                                            ......gammel skoleplansje med fiskemotiv
..........reinsdyrskinn
             ......jura kaffemaskin
            ....kahler vase
...............................................................................................................................................


Ha ei flott helg!

                                     ♥ Kristine


19 november 2011

snoperier



Kontrasten mellom det svarte og kvite er aldri feil ♥

Snop til helga. Og dette er favoritten blandt julesnopet, snøballer fra Kremmerhuset! Marsipan og sjokolade i midten,mmm nam.  Fine å sjå på i skåla er dei også.

Plutselig er ei ny veke passert igjen, tida går så fort no! Tid til blogging blir mindre, men små innlegg no og då blir det nok!

Ha ei kjempefin helg, kos deg:)


                                                                     Kristine

16 oktober 2011

Det ligg i detaljane

Gamle detaljer, verdt å ta vare på. Akkurat slike detaljer som skil et nytt hus frå eit gammalt hus. Heldigvis har ikkje dette vorte tatt vekk i løpet av dei ca 80 åra huset har stått her. Og i dag har vi glede av dei. Skyvedøra mellom dei to stuene blir skjeldan brukt og då er vel det unnskylninga for at den fortsatt ikkje er pussa ned og måla kvit ( eller svart?) Resten av innerdørene i huset er heller ikkje skifta i årenes løp heldigvis, knallsolide tunge og fiiine dører! Dei har blitt kvitmåla.
Trappa er inntakt, og det første som møtte oss då vi var på visning for ca tre år sidan. Omtrent kjærlighet ved første blikk:) Takrosetten i den eine stova dukka fram då vi tok ned en 90 tallslampe som hang heilt opp i taket, bonus å finne en slik skatt! Golva er pussa ned og målt opp att. På kjøkkenet spadde vi av fleire lag med linolium før den originale tregolvet dukka opp. Full av gammal lim, så trudde egentlig ikkje det gjekk an å få det fint. Men fagfolk med superpussemaskin fekk det det heilt perfekt igjen, imponerande! På stua er det lagt et tregolv oppå det gamle...vi lot det vere slik,enn så lenge i alle fall.

                                                                I ♥ my house! -rett og slett.
                                                                                        
 No fyk eg snart til Stavanger en todagerstur, jobbing på Kremmerhuset på Kvadrat står for tur.
Har lenge hatt lyst å ha en give away på bloggen her, så skal komme tilbake til det:)

                                                                                                                            Kristine

09 september 2011

Fristelser...


..er eg omgitt av på alle kanter, høgt og lavt, inne på butikken "inni bya" (som eg liker å kalle den, tjihi;)
Det er sjølvsagt Kremmerhuset som eg er så heldig å få vere avdelingsleder for. Og jammen har det ikkje gått ett år sidan vi åpna dørene. Hurray, tida går fort! Har spretta nokre paller og snudd om nokre ganger for å få plass til alle dei fine varene som har komt. Meiner på vi fekk 80 paller berre til oppstarten?? Seinast siste veka har nye haustvarer og kule indiske puter komt på plass, og nokre få nyheter  gjorde plutselig at heile butikken blei omsnudd. Artigaste som finst er å få lage nye bord, då er trivselfaktoren høg ja!

Vi får kalle dette ei oppvarming til det som skjer neste veke. Då går turen til Lagunen i Bergen, og ny butikk skal opp og gå, hærlighærlig, gleder meg masse til å hjelpe til der!
 her kunne eg "flytta rett inn" finfine ting!
♥ ♥ ♥

Mykje av det som vises på bilda her har eg veeeldig lyst til å kjøpe med heim også. Sidan det skjer ganske lite på heimefronten med pause i alle oppussingsprosjekt,  så tenkte eg det kunne vere kjekt å vise litt inspirasjonsbilder frå butikken i staden.

Fann du noko som frista kanskje?

Finaste helga ønsker eg deg!
                                                                                       Kristine

04 september 2011

natur i fokus





Kortreist mat kjøpt i nabolaget! Sjå kor fint dei sjølvdyrka potetene var presentert, her måtte berre kamera bli med når det skulle handlast inn. Koselig handel, med oppskrifter på ovnsbakte poteter og potetmos på kjøpet, og tilbud om en kopp kaffi:)
Oppskriftene og potetene har ikkje blitt testa enno, men det blir det blir. Har berre ikkje fått anledning enno!

For eg kan nevne kva helga har gått med på, i stikkord: 

                                            Trondheim 
                                              Lisbetsætra 
                                                             Visning av  julekolleksjonen
                                          ♥
                                             Inspirasjon
                                                  Kremmerhuset
                                               Naturelementer
                                   Glede
                                           
                        
  Håper helga di og har vore spennande, no er vi klar for ei ny veke sant?

                                                                                  Kristine

01 august 2011

blåtoner




 
Blått har lenge vore en favoritt her i huset. I ulike valører gir det minsann litt farge i en ellers så kvit og svart heim. Blåbæra fann eg i hagen her en dag, fin nok til å få bli med på bilde, medan blåbærteen både lukter og ser himmelsk ut, og ligg klar i boksa til besøkande. Sjølv held eg ein knapp på kaffi,
 s t e r k & s v a r t takk!




Trur det blå skal få følge på videre når vi går mot hausten, ja i dag er det faktisk august måned! Men da med litt andre teksturer og mørkere blåtoner i tekstil ispedd litt pels, og lys & telysholdere i blått...hmm er det lov å glede seg litt til haust og innekos?

                                                                                               klemklem Kristine 

23 juni 2011

klype!

Motivet er bittesmå frø/blomster som voks på et blad, veit ikkje kva type, funne i Rosendal i området rundt Baroniet. Forstørra opp i reprokamera og trykt med silketrykk.

Klesklyper kan brukast til meir en å henge opp klede med? Vel, desse her er i str XL, og vart kjøpt på impuls då eg tråla shoppinggata i Reykjavik for ei stund sidan (ja vi kom oss vel avgårde, vart ikkje askefast heldigvis, og turen var kjempefin!!:) Interiørbutikker var der ikkje så mange av faktisk, men en litt morsom en var Tiger butikk, den finnes ikkje i Norge trur eg.. Vel heime igjen var det fram med gamle silketrykk, to grove spikere i veggen  og ståltråd. Vips berre å klype bileta på plass.
Desse liker eg!

Håper du får ei fin sangthansfeiring.
                                                                                                          ♥  Kristine

11 juni 2011

cow parsley


...eller hundekjeks,bikkjessløk,hundekarve ol som det heiter på norsk. Sidan det er ordet bikkje i navnet betyr det at planten har blitt sett på som noko negativt, og da spesielt blant bøndene visstnok.

Sjølv synest eg den er rett så fin! På en liten tur i dag plukka vi med nokre stilker frå veikanten, så no er det full match oppe i gangen. Tjihi. Der har nemlig skapdørene på det gamle plassbygde skapet fått  finfin hundekjekstapet. Ideen til tapeten fekk eg etter en tur innom den fine bloggen shinedesign! Takk for den, det er så givande med alle dei flotte bloggane som finnes rundt omkring. Florerer med ideer og inspirasjon, hurra for flinke folk:) 

Ha ei fin pinsehelg videre!

                                                                                  ♥ Kristine

05 mai 2011

In a box

Dei nydelige korta frå DAY vart mine etter en kveld eg satt å surfa rundt på interneten. Fann dei på nettbutikken classicliving... Enkle, fine og grafiske, i like! Skal nok få rammer på seg, og hengast på stue og nykontoret når det er ferdig. Kjøpte noko til, som eg har ønska meg veeeeldig lenge. Det er såpass stort at det ikkje går i postkassa, kom hentelapp i dag;)
Plutselig snart helg også igjen, då skal målarkosten atter få svinge seg her i huset!

                                                                                         Klem Kristine

14 februar 2011

Ute etter gamle eplekasser?


.....da har eg et tips i dag!
På Planatsjen kom eg tilfeldigvis over et stort bord full av gamle originale trekasser til salgs for kr 149,- Dette var da i Ålesund, no i helga. men dei har det kanskje også over heile landet? Verdt å ta turen innom å sjekke i alle fall hvis du liker denslags...( ikkje alle her i heimen som delte samme entusiasmen som meg nemlig, menmen så er han da heller ingen interiørblogger...:)


 2 stk blei med heim. Bilen vart då fullstappa av ved, mann, barn, og meg med kasse på fanget, o du syn! Eine eksemplaret står no parkert ved sidan av sofaen, med nye hjul på frå Clas,( kopierte ideen til både Den gode feen og Kjerstis lykke glatt, sidan ideen er aldeles super) Eg er strålandes fornøgde, og det burde da fleire i heimen vere, no har vi endelig ein plass å slenge  "ka-du-skal-med-alle-desse-putene!"

Klem Kristine

06 februar 2011

blåe nyansar

Ny fiiin pute frå ByNord:-)

God søndagskveld!
Søndager har visst blitt min bloggedag i det siste?! Slik er det når vekedagane er over med et shmokk:-) No er det vel strengt tatt heller ikkje all verda som skjer i heimen heller, mest planer for kva som skal skje framover heller. Vil du høre om ein av dei?

Vel, på ynglingsrommet, kjøkkenet har vi ikkje verdens beste dagslys, særlig ikkje når kontrastveggen er målt i en ganske mørk farge, og vi har tetta att eine døråpninga og mista lys frå stua.( Det kan du lese om her hvis du vil.)
Blåfargen har komt snikande inn her i det siste i form av puter og bokser på kjøkkenbenken. Og samtidig har Jotun Pure Color  komt med en veldig fin farge som heiter skyggeblå.... Hmmm, har lyst å prøve å male, men er den fortsatt for mørk? Like mørk in real som på fargekartet? Finfin den grå på fargekartet over også, den som heiter grå harmoni! Så viss tida strekke til, så blir det kanskje både ny vegg og nytt blogginnlegg i løpet av veka:-)

Blått er fint til det svarte synest eg, blir ikkje fullt så hardt med alt det svart/kvite når det blå blander seg inn. Samtidig gir det litt kjærkomen farge no mot vår og sommer.

Ellers så ønskes ei god veke til deg der ute!
Klem Kristine