27 november 2011

adventsstemning

.......er tent i dag.
I år vart det kvite kubbelys plassert på sølvfat, med innslag av naturen. Mose, små kongler og lerkegrein i bunnen toppa med en svibel i potte.


En litt forsiktig start på julepyntinga. Kanskje kjem det raude fram litt etterkvart, eller det blir svart, kvitt og grått, med grønt som frisker det heile opp. Vi fer sjå!

Håper du hadde ei fin adventshelg, på gjensyn.
                                                                                    
                                                                                       Kristine


19 november 2011

snoperier



Kontrasten mellom det svarte og kvite er aldri feil ♥

Snop til helga. Og dette er favoritten blandt julesnopet, snøballer fra Kremmerhuset! Marsipan og sjokolade i midten,mmm nam.  Fine å sjå på i skåla er dei også.

Plutselig er ei ny veke passert igjen, tida går så fort no! Tid til blogging blir mindre, men små innlegg no og då blir det nok!

Ha ei kjempefin helg, kos deg:)


                                                                     Kristine

11 november 2011

lerk


Lerke i ulike vaianter, frå kunstig lerkekrans på spisskammersdøra, til nyplanta lite lerketre som snille Randi fikk tak i til meg. Ho ga også Amalie slike fine tre. Heldige vi er, sett stor pris på di gavmildheit! Attpåtil henta ho akkurat dette treet frå pappa sin slektsgård på Davika på øya Fjørtofta.
Et lite slektstre i hagen må dette få bli:)

Nokre store greiner frå gamle lerketre skal også få bli brukt litt nærmare jul til ett eller anna. Er full i små kongler, så fine. Kan du forresten skimte kommoden under? Mitt nyaste bruktkjøp som skal få ny maling. Grå kanskje, og planen er å ha den på soverommet.   
                                       Fin helg ønskes alle 
                                                                                       - K          

07 november 2011

seinhaust



Snap photo søndag formiddag frå hagen. Når kjem den første snøven skal tru? Vi er godt i gang med november.. gradestokken viser mange plussgrader enno. I fjor på denne tida var eg godt i gang med planlegginga av jul i huset. Sjå berre her hvis du vil :)

♥ Hausten er fin den...

Men no gleder eg meg til å ta fatt på årets juleforberedelser heime, snart!
Vi går med raske steg mot den koseligaste og finaste (førjuls) tida.


                                   Kristine




02 november 2011

miljøstasjon


Då er det klart for å resirkulere plast her!
For litt sidan kom plastreturordninga i gang her i kommuna, og vi fekk utdelt nokre svære plastsekker til å hive rasket i. Den heng på en krok ute av syne på spisskamerset,og det er like greit egentlig.

Den blå dunken på kjøkkenet derimot har vi fram til no brukt til papirinnsamling, og den er heilt super og blir brukt masse. Tok like godt å kjøpte en til, og på kort tid har den også fylt seg opp
 -med plast.

 Er ingen miljøfanatist, men ser jo at det fort blir litt avfall, og når dei står så lett tilgjengelig så blir dei faktisk brukt!


Liten aktivitet her inne frå meg i det siste, tida strekk liksom ikkje til, verken til å blogge eller besøke andre fine blogger, men koselig at så mange er innom her likevel da.
                                                                                                                :) Kristine