30 desember 2010

Gode ønsker for det nye året




Indiske lykter og engler i skjønn forening. Dette er litt av den typiske julepynten som er å finne hos oss. Enkelt og med få ting. Et par dager til no tenker eg, så ryker både juletre og anna ut. Makan til dryssetre skal en leite lenge etter, faktisk så dett det små kvister av det både titt og ofte! Jula har vi da også hatt i hus sidan midten av november, så det skal bli heilt okaj å få litt "blanke ark" her igjen...

Det gamle bordet du ser skal få seg en omgang med vask, puss og maling. Etterkvart! Det blir ikkje no, her har tempoet gått ned maaaange hakk i romjula, gjekk lufta litt ut av ballongen skal tru:-) 

I dag fekk eg tid og lyst til å bake og hurray for det! Mine snille og gavmilde foreldre gav oss nemlig kitchen aiden i julegåve i år. Tusen takk! Har fått testa den en del allereide, faktisk står den og går akkurat no, havrebrød skal det bli, så har vi ferskt brød til i morgen tidlig. Før i dag laga eg eplekake med den, det er så enkelt og godt! Oppskrifta finn du her.

 Et nytt år står å banker på døra, og eg håper du blir med videre her på min lille blogg,sjølv om tida mi ikkje strekk til på so veldig hyppige innlegg. Det er utrulig givande å få tilbakemeldinger, så en ekstra stor takk til dokke som legg at et lite spor her inne:-)

Gode ønsker for det nye året 2011
fra meg til deg ♥

22 desember 2010

Vel avgårde



Rosa julestemning på jenterommet vart temaet på årets julekort. Med et usedvanlig poseringsvillig midtpunkt, gjekk fotograferinga som en leik, og det vart mange artige situasjonsbilder denne gangen.


I dag fekk vi korta vel avgårde, ja litt seint ute i år. Emilie synest det var stas å få stemple bokstaver på nokre av konvoluttane. Har heller enda ikkje fått tid til å pynte juletreet, og eg som alltid pynter det ca 1-2 veker før jul! Men essa, jul blir det uansett:-)

Hadde min siste dag (i følge timelista da:-) på den kjære Kremmerhusbutikken på Moa i dag, etter sekssjuårca(?) blir det rart å berre skulle jobbe i en butikk, nemlig den nystarta som er midt i jugendbyen vår.  Litt godt blir det også å berre ha ansvaret for en, men jøsses for ei tid det har vore! Husker godt den dagen eg banka på kontordøra og spurte om eg kunne få jobb som ekstrahjelp... jepp, kom å begynn i morgen du, var svaret, og sidan har eg vore der,hehe,synest det er artig å tenke på:-)

 No står snart nokre dager med julefri for døra, skal nytast til fulle, og så ligg det et spennande år og venter der framme!

God jul til du som les bloggen min!
Klem Kristine

17 desember 2010

Bjørk og bær


God kveld!
Viser litt kveldsbilder fra spisekroken i kveld. Nokon av dokke har spurt kva slags farge vi har på veggen her. En rask kikk på gamle malingsspanner avslørte at navnet er krydder, fra Lady.

 Dagslyset her klarer eg ikkje å fange, sidan det ikkje er heime eg oppheld meg om dagane. Men derimot er det hektiske dager på meg som på dei fleste andre på denne tida! Tida minker mot jul, og i helga MÅ eg få unna dei siste julegavene, søndagsåpne butikker-ja takk:-)

Lysestakene i ekte bjørk, kunne eg aldeles ikkje dy meg frå å kjøpe her om dagen, og i dag slo eg til å kjøpte falske røde bær også til å ha i keramikkmuggen som er bordpryd på kjøkkenet. Første gang eg har kjøpt falske, men dei er faktisk veldig fine, hurray!

Glasslyktene med elger på, fra Broste, er også kjøpt på Kremmerhuset, (som det meste anna her i huset :-) dei er fleire år gamle, og fulle av stearin, men dei er så fine, ser ut som det har snøva oppi dei. I like!
Snøva gjer det såvisst ute også, på rett, så om det held seg no, så er julestemninga sikra!



God helg
Klem Kristine

Til slutt vil eg takke for awarder eg har fått, sett stoooor pris på det, kjem tilbake til det seinere:-)

10 desember 2010

Bedre og bedre!



BEDRE OG BEDRE DAG FOR DAG!

Ja det er statusen her i gården. Trasige-trasige magetrøbbelet er over for lisjeprinsessa, og huset har fått nye vindu i andre etage, hurra for begge deler:-)
Vi tok omtrent samme type vindu som var der fra før, kryssprosser på dei små, og streksprosser på dei store. Og vindua var store! Gjekk ikkje an å få dei opp trappa inne, så stillasa var god å ha.... Og så er dei en god del finare en dei som var der før, gjennomgående sprosser og fine detaljer. Så gjenstår det berre å pusse dei fine til jul:-)

No går vi inn i ny helg, skal få på plass litt meir av julepynten også tenker eg!


Fin helg til du der ute!

Kristine


05 desember 2010

Julekortfotografering

I dag hadde vi fotografering på agendaen. Emilie var rask med å spøre når dama skulle komme, og då meinte ho sjølvsagt Elin . Som tydeligvis har gjort inntrykk på den vesle engelen vår, då ho var her og tok bilete til reportasje i Sunnmørsposten. Og ho hadde da også tross alt større kamera en meg, fekk eg høre:-)

Fotograferinga gjekk imidlertidig kjempebra, og eg fekk tatt masse fine bilder, så å velge ut nokre til årets julekort skal nok gå bra. Eg er ikkje akkurat tidlig ute med dette i år, menmen.... Eg skal heller vise fram mange fleire bilder litt seinere, kan ikkje vise for mykje no før korta er levert:-)

Etterkvart vart hovedpersonen litt lei av all knipsinga og hojinga til mor, så ei lita tegnestund var ei grei avslutning på det heile!

Måtte berre ta med dette. Rett før vi tok bilder, måtte det testast ut om ho klarte å fly. Hadde tross alt fått på seg vinger!  Etter iherdig vifting og et par runder i full fart rundt golvet,  innfant ho seg fort med at det ikkje gjekk an. Mor lo som vanlig:-)

Her er ei oppdatring for dei som lurer på korleis det går med rehab av fasaden.  Nye vindu til loftsetasjen står klar til å monteres opp. Når dei er på plass og takrennene kjem opp, blir det så bra så bra:-)
Nytt rekkverk på uteplassen blir det nok også til sommeren:-) ( planer har vi nok av i alle fall, hehe)

Kristine


04 desember 2010

Raudt på fatet

Avslapping i sofaen no i kveld, etter en hektisk og kjekk laurdag på jobb. God julestemning i den fine jugendbyen vår i dag, der snøen dala ned og folk var på jakt etter den perfekte julegåva. Synest byen er fantastisk fint pynta til jul i år, butikkvindua innbydande og atmosfæra i byen er så god!

Ingen julegavehandling på meg i dag, men desse superfine glassoppane frå Kremmerhuset sikra eg meg her en dag. Satte dei attmed det eg hadde på lysfatet frå før, og vips vart det julestemning der også:-)  
Ha ei fin helg, og takk for alle koselige kommentarer om reportasja frå huset vårt i Sunnmørsposten.  Både på bloggen og "live".Blir satt stor pris på:-)

KlemfraKristine