Sommermånaden juli, stillaset står rundt huset og vi måler og måler. Vi har avstemmning på facebook om kva farge vi skal ha på muren, medan panelfargen er grei, det måtte bli heilt kvit. Tek til slutt ferie frå både maling og bloggen og kjøre til sørlandet på ferie.
August er fin. Lyset er bra, tek mange bilder eg liker. Merker eg lengter mot sommer når eg ser tilbake på terassebilder,sørlandsmotiv og sylteproduksjon av valldaljordbær,nam!
September kom fort, og litt små forandringer inne. Hausten er i anmarsj, og då kjem det lett litt nye puter, lys og anna frå Kremmerhuset inn. Ellers ingen store prosjekt denne hausten.
Oktober!
Bildet av det tapeserte skapet oppe i gangen kjem med på nib si gallerirunde, tapetutfordring. Liker den tapeten av cow parsley, eller hundekjeks på nynorsk:)
Planter lærketre i det fine novemberveret og er miljøbeviste inne, plast og papir i kvar sin dunk, takk!
Begynner å gledes til jul, adventsfatet kjem på bordet siste veka i november.
Julepynten går i svart, grå, natur i år, klarer ikkje det raude. Bildet over kjem i Nib sitt galleri over tema jul, ikkje værst:)
Jobb og familie er desember for meg, så bloggen tek seg en real juleferie. Her er små glimt frå jula.
Det var mine tilbakeblikk, 2011 er over og no har vi begynt på et nytt år, håper du vil følge på videre i 2012!
Kristine