Nymalt vinduskarm på den nye vinduet som kom på plass i argaste vinterkulda. Vinduet er stort, og det gjekk akkurat ikkje opp trappa til andre etg, her snakker vi millimeter. Flaks at stillas stod på utsida! Vindua er bestilt via nett, og før pallen stod på døra hadde vi kun sett strektegninger av dei.(ja vi er litt modig av og til:) Men vindua er utrulig fine, med detaljer som feks gjennomgåande sprosser og gamledagse hengsler og profilerte kanter. Perfekt til vårt gamle hus. Foringer og karmer som vi hadde på var trekvite, så kvistlakk,grunning og to strøk oljemaling er unnagjort. Etter vi isolerte så grundig og fått så tjukke vegger, har vinduskarmane blitt så breie at det faktisk går an å sette frå seg noko der også,slettes ikkje dumt:)
Garderobeskap frå godaste IKEA. Veldig ok erstatning i forhold til det gamle lille plassbygde som stod her før, som verken såg eller lukta spesielt fresht... Blir en aldri så liten Ikeatrondheimstur snart, og då velger vi kanskje ei liknades løysing til å ha nede i gangen. Golvet her er også frå Ikea. Grei nok, men det ligg nok et gammalt tregolv under her tenker eg...
KLEM