Mykje lys og et par nye puter i sofaen. Hauststemninga har nådd stua, ullteppet er leita fram igjen og lagt på golvet. Hærlig årstid, no er det inne vi skal kose oss!
Men, i alle dager, ka har vi funne på no da? Jau, vi tetter igjen en vegg!
For etter at vi laga åpning mellom kjøkken og spiserommet, var det reine rundkjøringa der, med åpninger i alle retninger. Hadde vi kunne slått ned heile greia hadde vi gjort det, men bærevegger skal en vel ikkje tukle for mykje med....No skal eine dørholet mellom stue og kjøkken tettast att, og vi skal kle inne den stygge og skakke muren som skimtast til høgre. Har hata den heilt sidan vi flytta inn her for nesten tre år sidan. I staden skal vi ha opp lange svarte hyller på kjøkkensida. Mister litt dagslys inn på kjøkkenet, men pyttpytt, blir bra når vi er ferdig. Mykje sparkling og pussing må til i skøytane, så vi får kjøre på :)
Kristine