Viser innlegg med etiketten på reisefot. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten på reisefot. Vis alle innlegg

27 august 2011

fordums glans

Tenk om nokon kunne tatt vare på dette fantastisk fine huset?!

Eg har så lenge eg kan huske vore opptatt av å sjå på hus og gjerne inn i hus:)
Kvar sommer i barndommen dro vi på campingvognferie til Ørebro  i Sverige, og da passerte vi dette huset. I Lesjaområdet i Gubrandsdalen ligg det på nedsida av veien, og eg inbiller meg at det allereie da sto fråflytta. Og alltid måtte eg sjå på dette huset, det er så spesielt. I sommer passerte vi det igjen, og forfallet hadde berre blitt so stort synest eg. Utbygget er skeivt og fuktspora tydelige opetter veggane.. So trist at det berre står til forfalls, burde ikkje slike nasjonale bygningsskatter vore freda og tatt vare på? 

Nydelige detaljer på det ♥
Sjå berre det dragehovudet på taket, utrulig at det er inntakt egentlig.



Fleire en meg som blir bergtatt av slike gamle hus?
Undrer litt på historien bak dette huset også, vil gjerne høre hvis nokon veit noko.

                                                                                                Du må ha ei fortsatt fin helg, frå Kristine!

27 juli 2011

gjennomreise


En liten sommerferie frå bloggen vart litt lenger en eg først tenkte. Matthetfølelse etter tragedien har råda litt dei siste dagane. Bilda her er frå bilturen tilbake til Ålesund etter halvanna fin ferieuke på sørlandet. Vi valgte å dra gjennom vestlandet (valget stod mellom å kjøre via Oslo og Gubrandsdalen eller Hardanger/ Sogn)Det var spesielt å sjå det fantastisk vakre delen av landet vårt i så sterk kontrast til dei groteske nyetene som vi hørte på omigjen og omigjen på bilradioen denne laurdag og søndagen.



Kjenner det er godt å komme tilbake til bloggen! Etter den lille ferien, kjem den til å fortsette som før, håper du vil henge med til tross for litt variabel hyppighet med innlegg. Tid til overs betyr nye innlegg:) Dei siste feriedagane står framføre meg og skal tilbringast heime.

Er takknemlig for at eg er så heldig at kvardagen begynner å vende tilbake hos oss. Tankane går til alle dei som står midt i tragedien.
                                                                                                            ♥ ♥ ♥ Kristine

26 juli 2010

Ferieminner


Ta ferie, la tida stoppe opp litt.
Yndige blomer som dufter godt...
Rolige dagar på stranda i lag...
Kanskje kjøle seg ned litt innimellom. Førti grader er ikkje kvardakskost...
Innimellom oppleve litt av østens mystikk og kultur
Avkobling og vere i nye omgivelser, minner frå vår Tyrkiaferie.